Tilbake til alle arrangementer

Hareid møtest

  • Hareid Vekst AS 89 Strandgata Hareid, Møre og Romsdal, 6060 Norway (kart)

Hareid møtest - eit nytt konsept for deg som allereie bur her, og deg som gjerne vil flytte hit

Dagen er tredelt. Du melder deg sjølv på dei delane som er relevante for deg:

08:00 | Coworking og frukostbuffet
Dagen startar med open coworking og frukostbuffet. Ta med deg PC-en og arbeidsoppgåvene dine, og jobb saman med andre i ei sosial og uformell ramme. Her kan du få unna litt arbeid, treffe kjende og bli kjend med nye folk. Vi byr på frukost og lunsj.

15:00 | Heim til Hareid
Eit arrangement for utflytta hareidsdølingar og andre som ønskjer å vite meir om moglegheitene for å bu, jobbe og leve i Hareid. Gjennom bedriftspresentasjonar og innlegg får du innblikk i karrieremoglegheiter, lokalt næringsliv og aktivitetstilbod etter arbeidstid. Enten du vurderer å flytte heim, er nysgjerrig på regionen eller ønskjer å byggje nettverk, er du velkomen.

16:30 | Afterwork og intimkonsert
Vi avsluttar dagen med ei uformell samling med noko godt å ete og drikke, hyggeleg prat og ein stemningsfull intimkonsert. Dette er ei open samling for alle hareidsdølingar og andre som vil møtast til ei roleg og koseleg stund i førjulstida. (Inga påmelding til denne delen av dagen)

Velkomen til Hareid møtest!

Påmelding til cowork og Heim til Hareid

Hareid møtest - eit nytt konsept for dei som bur her, og dei som vil flytte hit

Hareid møtest er sponsa av Sparebank 1 SMN. Vi takkar for støtta!

Forrige
Forrige
2. desember

U37 Søre Sunnmøre: Karrierepasset