Då eg var liten,
masa eg ofte på far min,
om vi ikkje kunne reise på ferie.

Kvifor det, svara han alltid,
vi er då herifrå.

Odd Goksøyr

Kvardag i Hareid

I Hareid får du ein enklare kvardag. Her slepp du lange køar, lyskryss og tidkrevjande pendling. Avstandane er korte, og du kjem deg raskt til jobb, barnehage, skule, butikkar og fritidsaktivitetar.

Samstundes ligg Hareid sentralt plassert på Sunnmøre. Midt mellom Ålesund og regionen på Søre Sunnmøre har du kort veg til både byliv, arbeidsplassar og opplevingar. Med gode ferjesamband og nærleik til både Ålesund lufthamn Vigra og Ørsta/Volda lufthamn Hovden, er resten av landet heller aldri langt unna.

Når du brukar mindre tid på transport, får du meir tid til det som betyr noko. Tid til familie, vener og eigne interesser.

Hareid byr på eit aktivt lokalsamfunn med eit rikt tilbod innan idrett, kultur og frivilligheit. Fjell, fjord og hav ligg rett utanfor døra og gir unike moglegheiter for naturopplevingar gjennom heile året.

Her er det enkelt å få kvardagen til å gå opp. På Hareid får du nærleik til det meste, og meir tid til å leve.

Hareidsfilmen

Filma av Nanseth Media for Vekst i Hareid i 2026

Vurderer du å flytte til Hareid, og ønsker meir informasjon om livet her?

Ta kontakt med oss!