Læring Næring
Vi koplar skule og arbeidsliv, slik at barn og unge får lære meir om moglegheitene som finst i Hareid. Gjennom bedriftsbesøk, entreprenørskap og praktiske møte med arbeidslivet skaper vi kunnskap, motivasjon og framtidstru.
Kvifor er dette viktig?
Når barn og unge tidleg får møte arbeidslivet, lærer dei meir om kva moglegheiter som finst lokalt. Samtidig får bedriftene vise fram yrka, kompetansen og arbeidsplassane sine. Slik byggjer vi kunnskap, identitet og framtidig rekruttering i Hareid.
Læring møter næring
Gjennom Læring Næring-avtalen samarbeider skulane, kommunen og det lokale arbeidslivet om å gi barn og unge betre kjennskap til næringslivet og jobb- og utdanningsmoglegheitene i Hareid. Målet er å hjelpe elevane med å ta gode utdanningsval, samtidig som dei får sterkare tilknyting til heimstaden.
Elevane møter lokalt arbeidsliv gjennom heile grunnskulen. Eit felles årshjul legg til rette for mellom anna bedriftsbesøk, besøk frå bedrifter i skulane, entreprenørskapsprogram, jobbskygging og aktivitetar knytte til lokal- og næringshistoria i Hareid.
Avtalen skal sikre eit forpliktande og føreseieleg samarbeid, og eit likeverdig tilbod til alle elevar i kommunen. Samarbeidet omfattar skulane i Hareid, ei rekkje lokale bedrifter, Ungt Entreprenørskap, MAFOSS og andre samarbeidspartar. Avtalen gjeld til og med skuleåret 2027/2028.