Hurtigbåten må vere eit reelt alternativ!

Uttale frå Hareid Vekst, Ulstein næringsforum og ordførarane i Hareid og Ulstein

Hurtigbåtsambandet mellom Hareid, Valderøya og Ålesund er ein viktig del av infrastrukturen i regionen. Det bind saman kommunane våre og gir innbyggjarane tilgang til arbeidsplassar, tenester og opplevingar på begge sider av Breisundet. For næringslivet, pendlarane og andre reisande er det avgjerande at tilbodet er påliteleg, føreseieleg og attraktivt å bruke.

Vi står saman om å utvikle ein region der folk kan bu i éin kommune og arbeide i ein annan, og der bedriftene kan rekruttere frå eit større område. Då må transporttilbodet støtte opp under dette. Det handlar om avgangar, kapasitet, pris og regularitet – og om at heile reisa skal fungere.

Vi ber fylkeskommunen om å reversere avgjerda om å fjerne avgangen frå Hareid kl. 05.45 og anløpet på Valderøya kl. 06.55 frå 1. januar 2027. Begge har ein funksjon som må vege tungt i vurderinga av rutetilbodet.

Den tidlege avgangen frå Hareid gjer det mogleg å nå morgonflya frå Vigra. For næringslivet på Søre Sunnmøre er dette viktig for møte, kundebesøk og reiser vidare til inn- og utland. Hareid Group peikar på at avgangen er avgjerande for å kunne gjennomføre dagsreiser til Oslo. Eit godt samband til flyplassen er òg viktig for andre innbyggjarar og for dei som skal besøkje regionen.

Avgangen frå Valderøya kl. 06.55 gir arbeidstakarar frå mellom anna Giske kommune og Ellingsøya høve til å pendle til Søre Sunnmøre. Hareid Group opplyser at neste båt kjem for seint til arbeidsstart, og at avgangen er avgjerande for å halde på tilsette og rekruttere nye medarbeidarar. Både Dimo og Ulmatec stadfestar at endringane får tilsvarande konsekvensar for dei. Tilbakemeldingane frå bedriftene understrekar at dette er ei felles utfordring for næringslivet på Søre Sunnmøre, og at rutetilbodet har direkte innverknad på tilgangen til kompetanse og arbeidskraft i regionen.

Samstundes må vi sjå på kvaliteten i det samla tilbodet. Fartøya må ha tilstrekkeleg kapasitet og vere eigna for vêr- og sjøforholda på sambandet. Dette må òg gjelde reservefartøya. For den som skal møte på arbeid eller rekke eit fly, får ei innstilling følgjer langt utover sjølve båtreisa. God regularitet er avgjerande for at folk skal kunne basere kvardagen sin på hurtigbåten.

Prisen har òg mykje å seie. Mange opplever at kostnaden ved å bruke hurtigbåten gjer bil og ferje meir attraktivt. Skal fleire velje kollektivt, må prisane stimulere til bruk. Dette gjeld særleg dei som reiser ofte, og dei som vurderer å ta arbeid på den andre sida av Breisundet. Vi ber fylkeskommunen vurdere korleis takstane kan bidra til at fleire nyttar sambandet.

Rutetidene må dessutan sjåast i samanheng med buss- og flytilbodet. Lange opphald mellom avgangane og mangelfulle korrespondansar reduserer nytten av ruta. Det er den samla reisetida og høvet til å kome fram til rett tid som avgjer om hurtigbåten er eit reelt alternativ.

Tilbodet betyr òg mykje for kultur, idrett og fritid. Innbyggjarane i kommunane våre skal kunne nytte tilboda i heile regionen. Kveldsavgangar som gjer det mogleg å delta på konsertar, framsyningar og arrangement, og kome seg heim etterpå, bidreg til dette. Eit godt samband begge vegar styrkjer òg grunnlaget for handel, reiseliv og besøk mellom kommunane.

Vi har forståing for at fylkeskommunen må prioritere innanfor stramme økonomiske rammer. Samstundes må konsekvensane for arbeidsmarknaden, næringslivet og dei reisande vere ein del av grunnlaget når rutetilbodet vert endra.

Vi ber om at dei to morgonavgangane vert vidareførte, og at fylkeskommunen saman med kommunane, næringslivet og dei reisande går gjennom det samla hurtigbåttilbodet. Målet må vere båtar folk kan stole på, prisar som stimulerer til bruk, og avgangar som passar behova i regionen.

Med venleg helsing

Bernt Brandal - ordførar i Hareid
Stian Skorgen Scheide - ordførar i Ulstein
Christine Erdal - dagleg leiar i Hareid Vekst
Anna Klara Måseide - dagleg leiar i Ulstein Næringsforum

Hurtigbåten mellom Hareid, Valderøya og Ålesund må vere eit reelt alternativ!

Neste
Neste

Imponerte med kreative løysingar på innovasjonscamp