Medlemsnettverket i Hareid Vekst held fram med å vekse. Berre dei siste par vekene har vi fått seks nye medlemsbedrifter, og vi er no oppe i heile 38 medlemmar.
Dei nyaste medlemmane er Hareid Rør & Interiør, Elementmontering, INTSA, Tegneren, Kokk'n Roll og Tidsbanken. Vi er svært glade for å få dei med på laget og ønskjer alle seks hjarteleg velkomne!
For Hareid Vekst handlar medlemskapet om å samle næringslivet, skape møteplassar og legge til rette for samarbeid, nettverksbygging og utvikling. Det er også noko Jonas Brandal, dagleg leiar i Elementmontering, trekkjer fram:
«Vi ønsker å bli en del av Hareid Vekst for å bidra til eit sterkare og meir attraktivt næringsliv på Hareid. Gjennom medlemskapet ønsker vi å knyte nye kontakter, samarbeide med andre lokale bedrifter og vere med på å utvikle næringslivet i kommunen. Vi trur på verdien av å stå saman, dele erfaringar og skape nye moglegheiter for både bedriftene og lokalsamfunnet.»
Ei fullstendig oversikt over alle medlemsbedriftene i Hareid Vekst finn du her.
Ønskjer di bedrift også å bli ein del av nettverket? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.