Fabelaktig Fredag
Søre Sunnmøre
Fabelaktig Fredag er eit arrangement der ein ønskjer å bygge bru mellom arbeidsgivarar og arbeidssøkarar for eit meir inkluderande arbeidsliv. Kvar enkelt arbeidsgivar er ein viktig bidragsytar.
Årets Fabelaktig Fredag blir arrangert 13. november på Quality Hotel Ulstein.
Arbeidsgjevarar vert oppmoda til å melde seg på med stand og delta på programmet.
Påmelding til stand her: Fabelaktig fredag Søre Sunnmøre - jobbmesse
Påmelding til program her: Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre - for arbeidslivet
12.00 - 14.00: Jobbmesse
14.30 - 17.00: Program for arbeidsgjevarar
17.00 - utover: Fabelaktig Afterwork
Under jobbmessa får arbeidsgjevarane høve til å møte potensielle kandidatar i ein uformell setting. Arrangementet gir ei fin moglegheit til å synleggjere verksemda, bygge nettverk og få kontakt med framtidige tilsette.
I programmet for arbeidsgivarar vil Kjetil Krogstad vere konferaniser og foredragshaldar. Cecilie Eriksrud vil halde foredrag om korleis leie generasjon Z og lokale aktørar deltek i spennande sofaprat. Følgande prisar blir delt ut til bedrifter og enkeltpersonar som har utmerka seg:
Nyskaparprisen
Ungdomssatsaren
Eldsjel
Du finn meir informasjon på:
Facebook: https://fb.me/e/7tTUJYoJy
LinkedIn: Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre