Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte om merkevarebygging

  • Millennium Cowork 89 Strandgata Hareid, Møre og Romsdal, 6060 Norway (kart)

Frukostmøte: Korleis bygge ei sterk merkevare?

Kva er eigentleg ei merkevare, og kvifor er det viktig å jobbe målretta med den? Dette frukostmøtet er relevant både for etablerte bedrifter, gründerar og verksemder som ønskjer å styrke synlegheita si i marknaden. Gjennom faglege innlegg og praktiske døme får du innsikt i korleis merkevarebygging kan bidra til auka konkurransekraft, tydelegare kommunikasjon og nye moglegheiter for vekst.

Kvifor bygge ei merkevare?

Hovudinnlegget blir halde av Frank Standal Dybhavn, kreativ leiar i Peil. Han tek for seg kvifor merkevarebygging er viktig, kva som kjenneteiknar sterke merkevarer, og viser døme frå verksemder i regionen som har lukkast med å skape ein tydeleg posisjon i marknaden.

Frå strategi til praksis

Korleis jobbar ein med merkevare i kvardagen? Ylva Overå Hide jobbar som content specialist i JETS, og vil denne dagen dele erfaringar frå praktisk merkevarearbeid. Ho viser korleis ein kan jobbe med merkevare i ulike marknader og målgrupper, og korleis digitale flater kan vere viktige verktøy i dette arbeidet.

Ekstra del for gründerar

Etter det ordinære programmet inviterer vi til ein frivillig del spesielt retta mot gründerar og dei som vurderer å starte eiga verksemd. Robert Voldnes gir ei innføring i hoppid.no-ordninga og verkemiddelapparatet, og orienterer om kva støtteordningar, rådgjevingstilbod og ressursar som finst for nye bedrifter.

Velkomen til ein morgon med fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging på tvers av bransjar og verksemder.

Dørene opnar 08:00. Frukostbuffet.
Programstart 08:30.
Millennium Cowork, Strandgata 89

Pris:
Medlem: Gratis
Andre: kr 300+mva

Påmelding via skjema: https://forms.cloud.microsoft/e/Ls94kzFwqX

Arrangement i samarbeid med hoppid.no

Forrige
Forrige
13. november

Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre

Neste
Neste
24. november

Ekskursjon til Newton Møre