Tilbake til alle arrangementer
Ekskursjon til Newton Møre
Vi fortset arbeidet med å forankre Newton-satsinga i Hareid. Difor planlegg vi no ein ny ekskursjon til eit av Newton-roma i regionen, denne gongen på NMK i Ålesund. Ekskursjonen er lagt til tysdag 24. november frå klokka 13-15. Denne gongen vil vi mellom anna invitere med oss representantar frå næringslivet, frå kommuneleiinga, Hareid Rotary og HAFEST, og andre engasjerte hareidsdølingar som brenn for å etablere eit Newton-rom i Hareid.
Er dette noko du kunne tenke deg å vere med på? Ta kontakt!
Bilete frå då alle 6.- og 9.-klassingane i Hareid besøkte Newton Møre i Volda våren 2026. (Foto: Erlend Friestad og Vekst i Hareid)