Newton-rom i Hareid

Hareid Vekst arbeider for å etablere eit Newton-rom i Hareid. Målet er å gi barn og unge spanande og praksisnær læring innan realfag, teknologi og innovasjon, i samarbeid med skule og næringsliv.

Kvifor er dette viktig?

Ved å investere i praktisk og framtidsretta læring investerer vi også i framtidige arbeidsplassar og verdiskaping i regionen. investere i praktisk og framtidsretta læring investerer vi også i framtidige arbeidsplassar og verdiskaping i regionen.

Newton-rom i Hareid kan bli ein realitet

Hareid Vekst arbeider for å etablere eit Newton-rom i Hareid, for å gi barn og unge tilgang til spennande og praksisnær læring innan realfag, teknologi og innovasjon.

Eit Newton-rom er ein moderne læringsarena der elevar får utforske fag gjennom praktiske aktivitetar, eksperiment og problemløysing. Tilbodet skal vere eit supplement til den ordinære undervisninga og bidra til å styrkje interessa for teknologi og naturvitskap.

Etableringa av eit Newton-rom vil også gi nye moglegheiter for samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv. Gjennom relevante læringsopplegg kan elevane få betre innsikt i kompetansen og arbeidsplassane som finst i regionen.

Hareid Vekst ser på prosjektet som eit viktig tiltak for å styrkje framtidig rekruttering, lærelyst og kompetanseutvikling i kommunen. Målet er å skape ein inspirerande møteplass for læring som kjem både elevar, skular og næringsliv til gode.

Bileta er tekne våren 2026, då Vekst i Hareid sendte alle 6.- og 9.-klassingane i Hareid til Newton Møre Volda. (Foto: Erlend Friestad)

Newton-rom

Nyhende