Ekskursjon til Newton Møre

Bilete frå då 6.-klassingar frå Hareid fekk teste Newton-rommet i Volda våren 2026. (Foto: Erlend Friestad)

Våren 2026 sendte Vekst i Hareid alle 6.- og 9.-klassingane i Hareid til Volda for å teste det nye Newton-rommet. Dette skapte enda meir engasjement for ei etablering på Hareid, både blant elevar, lærarar, foreldre og i kommunen.

No vil vi fortsette arbeidet med å forankre Newton-satsinga i Hareid. Difor planlegg vi no ein ny ekskursjon til eit av Newton-roma i regionen, denne gongen på NMK i Ålesund. Ekskursjonen er lagt til tysdag 24. november frå klokka 13-15. Denne gongen vil vi mellom anna invitere med oss representantar frå næringslivet, frå kommuneleiinga, Hareid Rotary og HAFEST, og andre engasjerte hareidsdølingar som brenn for å etablere eit Newton-rom i Hareid.

Er dette noko du kunne tenke deg å vere med på? Ta kontakt!

Neste
Neste

God oppslutning på Hareid Vekst sitt første frukostmøte