Fabelaktig fredag samla rundt 400 jobbsøkarar

Rundt 400 jobbsøkarar møtte før helga opp på Fabelaktig fredag for å møte bedrifter, knyte kontaktar og utforske nye moglegheiter i arbeidslivet.

Frå Hareid stilte Elementmontering og Franzefoss med stand, i tillegg til medlemsbedrifta vår Tussa. Alle tre melde om god aktivitet gjennom dagen og fleire aktuelle kandidatar innom standane. Slike møteplassar er viktige både for dei som er på jakt etter jobb, og for bedrifter som treng nye medarbeidarar.

Vi gratulerer også Awara Majid på Posten Restaurant og Bar, som fekk prisen Årets eldsjel for arbeidet med å gi ungdom si første jobberfaring. Ein svært fortent anerkjenning av eit viktig arbeid med å sleppe unge til og gi dei ein god start på arbeidslivet.

Godt jobba av NAV og Furene med eit flott og viktig arrangement som koplar arbeidssøkjarar og næringsliv. Vi håper mange av møta på Fabelaktig fredag fører vidare til nye jobbmoglegheiter!

Neste
Neste

Pressemelding frå Hadarhus AS: Trond Sellereite er tilsett som ny driftsleiar