Hadarhus AS har tilsett Trond Sellereite som ny driftsleiar. Han tok til i stillinga 19. august, og har allereie rukke å setje sitt positive preg på verksemda.
Hadarhus, som er ein del av Vågegruppa og representerer Blink Hus på Søre Sunnmøre, har fått på plass ei viktig brikke i den vidare utviklinga av selskapet.
Trond kjem frå Ulstein Betong Marine og har solid erfaring frå bygg- og anleggsbransjen. Han er utdanna byggmeister og har i tillegg teknisk fagskuleutdanning. Kombinasjonen av praktisk erfaring og fagleg kompetanse gir han eit godt grunnlag for å leie den daglege drifta og følgje opp byggeprosjekta i Hadarhus. Saman med prosjektleiar Audun Leine Høydal representerer han ei solid oppgradering av leiargruppa på Hareid.
Som driftsleiar har Trond ansvar for å følgje opp den daglege drifta, sikre god gjennomføring av byggeprosjekta og bidra til eit godt samarbeid mellom kundar, tilsette og samarbeidspartnarar.
Sidan oppstarten i august har han allereie vist stort engasjement, god gjennomføringsevne og eit tydeleg fokus på struktur, kundebehandling og framdrift.
– Har allereie sett sitt preg på verksemda
Dagleg leiar i Hadarhus, Askjell Våge, er svært nøgd med å ha fått Trond med på laget.
– Vi er veldig glade for å ha fått Trond med oss. Han har på kort tid vist at han er ein person som tek ansvar, skaper god struktur og får ting til å skje. Han har allereie sett sitt gode preg på verksemda, og vi ser fram til å utvikle Hadarhus vidare saman med han, seier Våge.
Tilsetjinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle Hadarhus som ein solid og attraktiv bustadleverandør på Søre Sunnmøre.
– For oss handlar det om å byggje ei verksemd som leverer kvalitet i alle ledd, frå den første kundekontakten til ferdig bustad. Då er vi avhengige av dyktige folk som tek eigarskap til både prosjekta og den daglege drifta. Det er vi trygge på at Trond vil bidra sterkt til, seier Våge.
Trond Sellereite er ny driftsleiar hos Hadarhus AS.
– Ei spennande verksemd med stort potensial
Trond sjølv er godt nøgd med starten i Hadarhus og ser fram til å bidra til den vidare utviklinga.
– Eg har fått ein veldig god start i Hadarhus og blitt godt teken imot av både kollegaer og samarbeidspartnarar. Det er ei spennande verksemd med dyktige folk og eit stort potensial. Eg er oppteken av å skape god struktur, sikre framdrift i prosjekta og leggje til rette for at vi saman kan levere kvalitet og gode opplevingar til kundane våre. Eg gler meg til å vere med på å utvikle Hadarhus vidare, seier Trond Sellereite.
Om Hadarhus AS
Hadarhus AS er ein del av Vågegruppa og forhandlar av Blink Hus på Søre Sunnmøre. Selskapet arbeider med feltutvikling og oppføring av bustader, med lokal forankring og fokus på kvalitet, gode kundeopplevingar og trygg gjennomføring.