I dag gjekk startskotet for innovasjonscampen ved Hareid ungdomsskule, eit spennande samarbeid mellom skulen, lokalt næringsliv og Ungt Entreprenørskap. Innovasjonscampen er ein del av Læring Næring-avtalen, og gir elevane høve til å jobbe praktisk med reelle utfordringar frå arbeidslivet.
Denne gongen er det fem bedrifter og verksemder som har stilt med problemstillingar: HS Rise Bygg, Norlandia Barnehage, Jets, Ishavsmuseet og Franzefoss. Gjennom den komande veka skal elevane på 10. trinn arbeide i team for å utvikle kreative og innovative løysingar på utfordringane dei har fått.
På opningsdagen fekk elevane også møte gründer Petter Faye Rundereim frå Herifra, som delte erfaringar frå livet som gründer. Med engasjerande historier og eigne erfaringar inspirerte han elevane til å tenkje kreativt, sjå moglegheiter og våge å satse på eigne idéar.
Arbeidet blir avslutta med presentasjonar for ein jury komande onsdag, der elevane får vise fram løysingane sine og korleis dei har jobba med problemløysing, samarbeid og innovasjon.
Innovasjonscampen er eit viktig tiltak for å knyte skule og arbeidsliv tettare saman. Elevane får innsikt i lokale bedrifter og aktuelle utfordringar, samstundes som dei får utvikle ferdigheiter som vil vere verdifulle vidare i utdanning og arbeidsliv.
Vi vil rette ein stor takk til Hareid ungdomsskule som legg til rette for ei lærerik og annleis veke for elevane, til Petter Faye Rundereim som delte av erfaringane sine, og til bedriftene som stiller opp med tid, engasjement og relevante problemstillingar. Saman skaper vi verdifulle møte mellom læring og næring.