Vil du selje noko på julemarknaden?
Laurdag 28. november blir det julemarknad i Kjøpmannsgata på Hareid.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Aktivitetsgata, og har som mål å lage god julestemning i sentrum i førjulstida. Hareid Vekst har valt å engasjere seg i Aktivitetsgata sitt arbeid med å bidra til auka aktivitet og liv i Hareid sentrum.
Ønskjer du å vere med som utstillar eller ha eiga salsbod på julemarknaden? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Ta kontakt med Hareid Vekst for meir informasjon og påmelding.
Vi gler oss til å samle store og små til ein stemningsfull dag i Kjøpmannsgata! 🎄✨