Ny nettside og visuell profil

Hareid Vekst har no lansert si nye nettside. Målet er å gjere det enklare å finne informasjon om organisasjonen, medlemsbedriftene våre, ledige stillingar og næringsareal, arrangement, prosjekt og satsingar. Nettsida skal vere ein møteplass for næringslivet og ein kanal for å synleggjere aktivitet og moglegheiter i Hareid.

Saman med nettsida har vi fått ny grafisk profil og logo, laga av Therese Myrene hos Tegneren. Den nye profilen skal bidra til eit meir tydeleg og profesjonelt uttrykk, og gi eit godt grunnlag for kommunikasjon og marknadsføring i åra som kjem.

 
 
 
 

Ikonet til Hareid Vekst er løyst med eit kompakt monogram. H + V + pil dannar ei lett gjenkjenneleg form med assosiasjonar til rørsle og fart. Hareid skal vere eit knutepunkt der vi hentar og leverer vekst og utvikling - og i ikonet er dette visualisert med kryssande vegar og ei pil som peikar oppover. Ein kan også sjå ikonet som ein spire på ei grein. Pila er elles sentral i Hareid sitt kommunevåpen og i utsmykking i sentrum.

Forrige
Forrige

Pressemelding: Samarbeidsavtale med Næringsforeninga

Neste
Neste

Sosial samling med U37 Søre Sunnmøre