Tysdag denne veka arrangerte Hareid Vekst ekskursjon til Newton Møre på NMK i Ålesund. Invitasjonen var open, og mange hadde meldt seg på. Kommuneleiinga, representantar frå kommunestyret, næringslivet, grunnskulane i Hareid, Ulstein vidaregåande skule, Hareid Rotary og HAFEST var representerte.
På Newton Møre vart vi tekne imot av Newton-lærarane Bjørn Endre og Kristine, på same måte som elevane blir når dei kjem på besøk.
Vi fekk også prøve oss på ei av dei praktiske øvingane som 6.-klassingane møter når dei besøker Newton-rommet. Her stod programmering og omkrins på programmet, og det skapte stort engasjement blant deltakarane. Gjennom å få prøve sjølve fekk vi eit godt innblikk i korleis elevane får arbeide praktisk med realfag, samarbeid og problemløysing.
Etter den praktiske delen fekk vi ei orientering frå Ingvill Berg frå First Scandinavia. Ho fortalde om Newton-konseptet og om korleis dei 34 Newton-romma rundt om i Noreg arbeider. Orienteringa gav oss eit større bilete av kva eit Newton-rom faktisk er, og korleis det skil seg frå eit vanleg klasserom. For dei frammøtte var dette nyttig bakgrunn for diskusjonen om kva eit eige Newton-rom kan tilføre skulane og elevane i Hareid.
Ingvill Berg frå First Scandinavia kom eins ærend frå Bodø for å fortelje oss meir om Newton-konseptet.
Til slutt orienterte Linda Rafteseth Grimstad om Sparebanken Møre si rolle i Newton-satsinga i regionen. Ho fortalde om banken sitt engasjement i Newton og satsinga på å gi barn og unge gode møte med realfag og teknologi. Dei har mellom anna vore med på å finansiere rommet i Volda, og skal også finansiere Newton-rommet i Fosnavåg.
Og éin bodskap frå Linda merka vi oss særleg: Sparebanken Møre vil gjerne gi eit Newton-rom til Hareid. Ho sa også at av alle kommunane ho er i kontakt med om dette, er Hareid den kommunen som er mest klare til å "trykke på knappen".
Linda Rafteseth Grimstad orienterte om Sparebanken Møre si rolle i Newton-satsinga
Dette er ei stor moglegheit, men Hareid må sjølv få på plass føresetnadene for at Newton-rommet kan etablerast. Det er allereie gjort eit stort arbeid med å finne finansiering. Prosjektet vil ha ein totalkotnad på inntil kr 8,5 millionar. Med svært generøs støtte frå Sparebanken Møre, og tildelingar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og Vekst i Hareid, manglar det no litt over 2 millionar kroner for å kunne realisere Newton-rommet i Hareid.
Etter besøket sat vi igjen med ei langt betre forståing av kva eit Newton-rom er, korleis undervisninga fungerer og kva ein slik læringsarena kan bety for barn og unge. Samtidig var det tydeleg at engasjementet for å få dette til i Hareid er stort, på tvers av kommune, politikk, skule, næringsliv og frivilligheit.
No handlar det om å samle kreftene og få Newton-rommet i Hareid på plass. Vi intensiverer arbeidet, og håper at Newton Hareid står klart til bruk om ikkje så altfor lenge.
Her kan du lese meir og sjå film frå då Vekst i Hareid organiserte at alle 6.- og 9.-klassingane i Hareid fekk ein dag på Newtonrommet i Volda våren 2026.