Korleis kan vi få fleire unge hareidsdølingar til å velje Hareid når dei er ferdige med studiar og etableringsfasen? Det er spørsmålet ein studentgruppe frå Høgskulen i Volda arbeider med denne hausten, i samarbeid med Hareid Vekst.
Studentane går andre året på bachelorutdanninga i PR, kommunikasjon og media, og har fått i oppdrag å utvikle ein videokampanje som skal løfte fram kvifor Hareid er ein attraktiv stad å bu, arbeide og etablere seg.
Prosjektet byggjer på undersøkingar og intervju med unge vaksne som har valt å flytte heim att eller etablere seg på Hareid. Gjennom arbeidet har studentane kartlagt kva som er viktig når unge vel kvar dei ønskjer å bu, og kva som kan gjere det meir attraktivt å vende tilbake etter studietida.
Resultatet skal bli ein lengre film og fleire korte videoar som fortel historier om tilbakeflytting, arbeidsmoglegheiter i regionen og det å skape seg eit godt liv på Hareid.
For Hareid Vekst er samarbeidet ein del av satsinga på å styrke kontakten med studentmiljøa og få fram nye perspektiv på viktige utviklingsspørsmål.
– Studentane kjem med friske blikk, relevant kompetanse og verdifulle innspel. Samtidig får dei bli betre kjende med Hareid og moglegheitene som finst her. Det er ein vinn-vinn-situasjon som vi ønskjer meir av, seier dagleg leiar Christine Erdal.
Prosjektet skal vere ferdig i november, og filmane vil etter kvart bli publiserte i Hareid Vekst sine kanalar.
Her kan du lese meir om prosjektet i Vikebladet:
– Målet er å nå fram til unge, utflytta hareidsdølingar - vikebladet.no