Filmane om å flytte til Hareid er klare!

Hareid Vekst har denne hausten samarbeidd med fem studentar på bachelorutdanninga i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Dei fekk i oppdrag å utvikle ein videokampanje som skal løfte fram kvifor Hareid er ein attraktiv stad å bu, arbeide og etablere seg.

Og no er resultatet endeleg klart!

I kampanjen «Heim til Hareid» møter vi tre personar som har valt å etablere seg i kommunen. Mia Håkonsholm Seljeth fortel om valet om å vende heim til Sunnmøre og finne sin eigen stad på Hareid. Mariann Bøe Østrem viser korleis ein kan kombinere arbeidslivet i Ålesund med familielivet på Hareid. Fredrik Knudsen Bjåstad og Patricija Konovaluka deler sine erfaringar med å etablere familie, og verdien av å ha nær familie rundt seg i kvardagen.

Gjennom desse tre historiene ønskjer vi å vise fram moglegheitene som finst i Hareid, og inspirere fleire unge utflyttarar til å vurdere å flytte heim.

Vi takkar studentane for eit godt samarbeid, og gler oss til å vise fram resultatet!

Snurr film!

Filmen er laga av Liv Harterink, Håkon Bjåstad Hustadnes, Oda Bach Igland, Jenny Valen Håland, og Silje Jakobsen ved Høgskulen i Volda.


Neste
Neste

Fabelaktig fredag samla rundt 400 jobbsøkarar