Hareid Vekst er pådrivar og samarbeidsarena for samfunns- og næringsutvikling

Hareid Vekst
Arrangement

Her finn du oversikt over arrangement i regi av Hareid Vekst og organisasjonar og bedrifter vi samarbeidar med.

U37 Søre Sunnmøre er eit nettverk for unge samfunns- og næringslivsinteresserte under 37 år. Nettverket er ope og gratis for alle som ønsker å delta.

På Hareid går kvardagen opp. Her slepp du lange køar, lyskryss og tidkrevjande pendling. Avstandane er korte, og du kjem deg raskt til jobb, barnehage, skule, butikkar og fritidsaktivitetar.

På Hareid får du nærleik til det meste, og meir tid til å leve.

hoppid.no

Har du ein idé om å starte ditt eige føretak eller har du ein knakande god idé om eit nytt produkt? Då er det greit å vite at Hareid kommune er med i den fylkeskommunale ordninga hoppid.no

Les meir